På utsida ser vi nokon som skrumpar inn,
men innanfrå, slik det kjennest
i hjartet og andedraga og under huda, kor annleis,
kor endelaust kor roleg ein del av allting
kor stjerneklart mørkt. Siste andedrag. Guddommeleg
kanskje. Kanskje lindring. Dei elskande fanga
og stengt inne i ei grotte,
røyster heva i ein siste svevande
duett, til det vesle vokslyset
sloknar. Vel, uansett
heldt eg handa di og kanskje
du heldt mi
då steinen eller universet lukka seg
omkring deg.
Men ikkje meg. Eg er enno på utsida.
Utgitt 9. november 2021
Det er sjelden diktsamlinger stiller meg overfor like store utfordringer med å velge hvilke dikt jeg skal sitere i anmeldelsen. Boken består stort sett bare av gode dikt, godt ivaretatt av poeten Anne Karin Torheim.
● Espen Stueland, Klassekampen
Hun skriver like gode dikt som romaner
● Henning Howlid Wærp, Aftenposten
Poeten Atwood med djerve dikt om nedbryting av språk, menneske og miljø
● Knut Ødegård, Vårt Land
For første gong på meir enn eit tiår utgir Atwood – ein anerkjent poet, sjølv om ho er mest kjent for Tjenerinnens beretning og andre romanar – ei omfattande ny diktsamling. Den er skremmande vakker, med refleksjonar om liv og død, tid og forandring, og natur og zombiar. Dei sterke bilda og atmosfæren vil truleg fenge sjølv dei som berre har lese Atwoods prosa.
● Washington Post
Atwood (...) vender tilbake med eit sardonisk og skarpsindig meisterverk som bygger vidare på eit viktig kunstnarskap.
● Publishers Weekly
Her ser vi Atwood på høgda av sine poetiske evner ... Jo fleire detaljer Atwood bruker, jo meir av verda gjennomborar ho med sin umåteleg skarpe fantasi.
● New York Times Book Review
Margaret Atwood fortenar eit eige adjektiv – Atwoodsk – som ei verdsetjing av hennar virtuose vidd og umiskjennelege stil.
● Chicago Tribune